Historia

Fosnavåg Konserthus er det største fellesløftet i Fosnavåg si historie.

Med nærare 40 bidragsytarar frå næringslivet og 300 kjøparar av folkeaksjar er Fosnavåg Konserthus eit tverrsnitt av bedrifter og privatpersonar som engasjerer seg i utviklinga av samfunnet vårt. Fosnavåg Konserthus inneheld ein moderne konsertsal med plass til 490, ein tidsmessig kinosal med 91 plassar og ein større andel av foajé og fellesareal i hotellet. Store ressursar har vore lagt ned i å gjere Fosnavåg Konserthus til eit moderne hus. Blant anna er konsertsalen den fyrste salen i Skandinavia med Meyer Constellation elektronisk klanganlegg. I tillegg er kinosalen den fyrste i landet som fullt ut kombinerer Dolby Atmos med Meyersound sine høgtalarar.

Selskapet Fosnavåg Konserthus AS blei etablert av initiativstakarane, Herøy Kommune og Rem Offshore, i mai 2012. Styret bestod opprinneleg av to representantar frå Herøy Kommune og to representantar frå Rem Offshore. Styret blei seinare utvida med personar frå Herøy Næringsforum, Remøy Shipping og Havila. Byggekontrakta med Veidekke vart signert 30. November 2012, og Fosnavåg Konserthus stod ferdigstilt i oktober 2014.
Fosnavåg Konserthus AS vert leia av dagleg leiar Fredrik Remøy. Arrangementsleiar i Herøy Kommune, Bjørn Holum, var også aktivt med i byggeplanlegginga.

EIGARSKAP OG ØKONOMI
Finansieringa av Fosnavåg Konserthus er delt mellom private midlar, som representerer om lag 55% av byggekostnadane, og offentlege midlar. Fosnavåg Konserthus AS er byggherre og har ikkje driftsansvar. Drifta av konsertsal og kinosal er regulert gjennom leigeavtalar med Herøy Kommune og Thon Hotell Fosnavåg.

VISJON OG VERDI
Fosnavåg Konserthus skal vere ein arena for både dei store og små opplevingane, og skal knyte band mellom både ungdom og vaksne gjennom eit rikhaldig kulturelt tilbod. Fosnavåg Konserthus er uredde for å satse nytt, og vil endre seg i takt med omgjevnadane.

STYRET I FOSNAVÅG KONSERTHUS AS
• Margareth Leinebø, styreleiar
• Arne Johan Dale, nestleiar
• Kristin Lystad, styremedlem
• Sølvi Nerem Berg, styremedlem

Styret sine representantar er valde av generalforsamlinga i Fosnavåg Konserthus AS