Billettar til konserthus og kino kan kjøpast og tingast på fleire måtar:
- Via heimesida vår www.fosnavagkonserthus.no (denne)
- Via eBillett-appen som fins for både iPhone og Android
- I kinokiosken som har åpent ein halv time før kvar framsyning startar, til siste framsyning har starta
- Kinobillettar kan også kjøpast via filmweb.no
Følgekort som er utstedt av Herøy kommune, og andre norske kommuner kan nyttast i Fosnavåg konserthus. Ta kontakt med oss for bestillingskode som vi for tida nyttar. Og takk for at du viser fram følgekortet uoppfordra.
Handicap-plassar kan ikkje kjøpast på nett per tiden. Dei må kjøpast i kinokiosken, og helst tingast på førehand for å vere sikra plass.
For spørsmål om billettsal til konserthuset send mail til: [email protected]. Messenger på Facebook kan også nyttast til kommunikasjon, men vi kan ikkje garantere svar umiddelbart der. På arrangementskveldar må ein ringe konserthuset sin telefon: 418 60 790.
For spørsmål om billettar til kino, kontakt Maria Bakkevoll, fagleiar for Fosnavåg kino: [email protected] Kinokiosken, telefon 911 17 644, har opningstid ein halv time før første kino-framsyning.
Kulturrabatt for ungdom gir publikum i alderen 15-20 år rabatt på billett ved framvising av legitimasjon. Rabatten er personleg, og kan ikkje bli brukt til grupper som til dømes skuleklassar. Spør etter kulturrabatt i kinokiosken
Ebillett-appen
