I kinokiosken får ein akkurat det ein treng for å kome i den rette stemninga til kinobesøket. Kinokiosken i Fosnavåg er ein kiosk i Location-kjeden, som er ei landsomfattande kjede. Dei har spesialisert seg på produkt som skal gi den gode kinoopplevinga.
Du kan ringe direkte til kinokiosken på telefon: 911 17 644. Kiosken er open frå om lag ein halv time før første framsyning startar og til siste framsyning har starta. Kinopersonellet er tilstades til siste framsyninga er ferdig, og hjelper også med billettar til arrangement i konserthuset. Fagleiar for Fosnavåg kino er Maria Bakkevoll.
