ViseKveld i Sjøbuda på Herøy gard
Billettar
Om arrangementet
med Silje, Einar, John André og Anine!
Konserthuset arrangerer i samarbeid med Herøy gard/kystmuseum koseleg ViseKveld i Sjøbuda på Herøy gard! Planen er god mat, god visemusikk, god stemning og kanskje gode historier. Dette blir også ein tjuvstart på ViseWeekend som kjem 29-31. januar! Men denne august-kvelden i Sjøbuda på Herøy gard kjem altså først.
Vi legg ut kun 45 billettar, som inkluderer reker OG musikk, drikke kjøpast utanom. Aldersgrense 18 år, yngre kan kome inn saman med føresette. Billettsalget er igong. Og blir det fullt så er det fullt - og kanskje litt trangt ;o) Dette er uansett tenkt som litt intim-konsert og veldig triveleg. Det blir enkel lydrigg med våre eigne folk som musikarar: Arve Voldsund på gitar og Torgrim Skjerdal på tangentar. Her skal det bli viser som passar til klukkinga frå salt sjø.
Vise-sjangeren rommar mykje, og vi startar med desse lokale songarane:
- Silje Gjelseth
- Einar Örn Einarsson
- John André Nærø
- Anine Leine Lerø
