Vinyl & HiFi vol. 2

Om arrangementet

Ny runde!

Hald av datoen! Meir info skal kome etter kvart, men innhald blir i same gate som i mars ;o) Ein kveld for nerdar og andre som er glade i vinyl, musikk, lyd osv. Eller berre har lyst å treffe folk i same gate! 

Det blir presentasjon av platespor ved lokale musikkelskarar. Namna er straks klare. Vi tenkjer å presentere eit anlegg som ein kan diskutere litt rundt ;o) Og så har vi ein plan om å spele av musikk på konsertsalens lydanlegg.

Om det kjem voldingar? Det kan hende, dei er iallfall velkomne, dei også! Eit mål for kvelden kan vere å drøse litt kring vegen vidare, for dei som har lyst det skal bli fleire treff. Meir info om inngangsbillett og meir innhald kjem så fort vi har det klart.

Forresten - vi har ein plan om å avslutte kvelden med ekte live-musikk. Hald deg på sporet!