Vinyl & HiFi - and a cup of coffe
Billettar
Om arrangementet
Ein kreativ og kjekk kveld for entusiastar/nerdar…
Vi riggar oss til i black box mode inne på sjølve scena i konsertsalen, og LYD skal vere i høgsetet! Samt sosialt, trivelege sitjeplassar og ein kaffi med nogo attåt på billetten!
- Demonstrasjon av HiFi-anlegg v/Bergtor Moltu som driv firmaet Lux Audio. Han har med dette anlegget:
- Platespelar: Dual CS 429
- Integrert forsterker: Jadis Orchestra Reference
- Høgtalarar: Vandersteen 1Ci - Presentasjon OG gjennomspeling av 2-3 personar si favoritt-LP-side. Førstemann ut blir Paul-Johan Remøy.
- Hovdebygda Platebar
- Tid til prat om utstyr og musikk.
- Volda Vinyl
Ein gjeng frå "Volda Vinyl" tek altså turen til oss denne kvelden, og vil fortelje litt om klubben sin. Dei er 6 karar som møtast ein gong i veka, og har gjort det sidan starten i 2003! Dei har gjest annakvar gong, men denne onsdagen blir dei altså våre gjestar ?? Dei vil spele av nokre songar som dei knyter til aktiviteten og historia til Volda Vinyl. Det går an å lese meir om karane her på blogspot. Stiftingsdokumentet deira er 23 år gamalt, men gjeld framleis. Dei har til og med hatt sitt eige innslag på Norge Rundt! Det innslaget kan du sjå her (best på pc).
Vi ønskjer å samle entusiastar frå Herøy og omeign! Inngangsprisen held til denne stor-opplevinga, samt kaffe og litt snacks. Samlinga får bli litt sånn til "medan vi går", og kva som vidare kan kome ut av eit slik treff får vi sjå etter kvart! Det kan vere opp til dei som kjem.
