Utekonsert: Dance With a Stranger!
Billettar
Om arrangementet
Dance With a Stranger i Herøy amfi!
Etter eit fantastisk jubileumsår i 2024 med mange festivalar og konsertar samt ein aktiv sommar 2025, planlegg Dance With A Stranger å gjere nokre utvalde spelejobbar i 2026. Turnéperioden er først og fremst juni - og søndag 21. juni kan du altså få oppleve dei i Herøy!
NB! Vi startar billettsalet med 480 billettar. Desse 480 kan folk kjøpe som vanleg med nummererte plassar i konsertsalen, og dei vil gjelde dersom konserten blir innandørs. Dersom konserten blir utandørs - slik vi vil - vil desse tidleg-kjøparane få plassar langt framme i uteamfiet på Herøy. Og blir det ute, legg vi ut mange fleire billettar tidleg i veka før.
Herrane Øivind Elgenes (Elg) og Frode Alnæs kjem med fire musikarar i ei frisk og vitalisert utgåve! Her vil ein få hits som Everyone Needs a Friend, The Invisible Man, Dance With A Stranger og fleire av dei mer ukjende låtane i ”ny” innpakking.
Bandet sitt verkelege gjennombrot kom i 1988, der debutalbumet selde meir enn 125 000 eksemplar og blei lønna med Spellemannspris. Og no er dei igjen klare for å begeistre sitt publikum med eit fortsatt friskt, morosamt og høgkvalitets musikalsk show!
Dance With A Stranger hentar sin inspirasjon frå blues og jazz, soul, rock og pop, og responsen frå både presse og publikum viser at dei rett og slett er i ei særklasse. Her bør publikum kjenne si besøkelsestid for å oppleve stemninga: for ein fest!
Vi samarbeider med Herøyspel-gjengen som tjuvstartar våronn og plenslått for å få alt i orden til konserten. Det kjem meir info etterkvart om til dømes matsalg og parkering (så få bilar som råd ;o) for at denne søndagen din skal bli så bra som mogleg - velkomen!
