TINA CELEBRATION - A Tina Turner Tribute

Om arrangementet

Det blir trøkk, store låtar og speleglede når Tina Celebration inviterer til ein kveld via musikken til ein av tidenes mest ikoniske artistar – Tina Turner. På scena står ni musikarar og vokalistar med lang fartstid frå ulike band og musikalske prosjekt. Fellesnemnaren er begeistringa for Tina Turner sin musikk og ønskjet om å formidle den fantastiske låtkatalogen hennar live.

Konserten bevegar seg gjennom fleire tiår av ei heilt spesiell karriere, frå dei tidlege åra med Ike & Tina Turner til solokarrieren som gjorde Tina Turner til et verdsnamn. Og det er eit musikalsk landskap med mykje å ta av. Kraftfull vokal, drivande rytmer, markante gitarriff og sax er ein stor del av sounden – saman med dei roligare låtane som viser ei heilt anna side av katalogen.

På repertoaret står sjølvsagt klassikarar som «Proud Mary», «What’s Love Got to Do with It», «Private Dancer», «Nutbush City Limits» og «The Best», men også låtar som kanskje ikkje spelast like ofte – og som fortenar å bli henta fram igjen.

– Vi prøvar ikkje å kopiere Tina. For oss handlar dette om å hylle musikken, energien og den enorme låtkatalogen ho etterlet seg. Vi elskar å spele desse låtane, og håpar den gleda smittar over på publikum.

Med to gitarar, keyboards, bass, trommer, saksofon, kor og vokal får låtane den breidda og krafta dei fortener – frå dei nære øyeblikka til låtane som verkeleg får det til å koke. Tina Celebration er først og fremst ein hyllest til musikken. Til stemma, låtane, energien og ein artist som sette tydelege spor etter seg gjennom fleire generasjonar. Og når «Proud Mary», «Nutbush City Limits» og «The Best» sit som dei skal, vil vi ikkje love at det blir så enkelt å sitje heilt stille. 

Småbord-konsert, unummerert. Dørene opnar kl. 20. Barløysing oppe i Thon resepsjon.