Thomas Dybdahl med band

Om arrangementet

Thomas Dybdahl til Fosnavåg i oktober!

Thomas Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelege album befesta si stilling som ein av Norge sine store artistar og låtskrivarar.

Gullstrupen frå Sandnes debuterte som soloartist med «That Great October Sound» og vann Spellemannpris. Hans påfølgande album, inkludert «Stray Dogs» og «Science», har hausta kritikarros og prisar, blant anna for beste mannlege artist. Fleire av hans album har toppa listene, og «What's Left Is Forever» blei også Grammy-nominert.

Førebels siste utgjeving er albumet "Teenage Astronauts" som kom ut i 2024. Det er eit samarbeid med Grammyvinnande produsent Larry Klein (Joni Mitchell, Herbie Hancock m.fl), den legendariske arrangøren Vince Mendoza (Björk, Joni Mitchell m.fl), Stavanger Symfoniorkester og tekstforfattar Edie Kuhnle Ottestad.

Akkurat no er Thomas å sjå på «Hver gang vi møtes» på TV2 i januar og februar, og i mars og april skal han på norgesturne med sitt eminente band. Og i oktober altså til Fosnavåg konserthus!

-Veldig glad for å kunne fortelle at jeg i 2025 er klar for Norgesturne sammen med mitt fantastiske band. Vi har masse ny musikk å vise og en haug med gamle sanger som jeg gleder meg til å synge for dere igjen. Vi ses om ikke så lenge, gleder oss!