Terje Vigen legg til kai - i Fosnavåg!

Om arrangementet

Terje Vigen ror igjen!

I år blir det TO datoar med den fine uteframsyninga vår "Terje Vigen"! Denne første blir altså i Fosnavåg sentrum på søndag ettermiddag som ei fin avslutning på Sommarfesten. Framsyninga skjer frå sunnmørsjekta «Anna Olava» framfor publikum som har sitjeplassar på kaikanten i kroken rett framfor Fosnavåg konserthus & Thon Hotel Fosnavåg.

Vi håpar på godt ver og at folk vil lage seg ein god søndag, med middag og framsyning i sentrum. For dei som vil kombinere kultur med kulinarisk oppleving, så har Thon sin Restaurant Sjøkanten vanleg opningstid frå kl. 14 denne søndagen. Bestilling direkte til dei, bruk gjerne deira booking-link for bordbestilling

Framsyninga startar kl. 17.00, og blir som dei to første åra spelt frå sunnmørsjekta "Anna Olava" som scene! Denne juni-søndagen sit publikum på kaia, på unummererte stolar. Det blir høve til å få kjøpe med seg kaffe og brus frå Thon og kinokiosken. Ved for dårleg ver, flyttar vi framsyninga innandørs, då med meir informasjon tidleg i veka. 

Vi inviterer nok ein gong til denne gode forteljinga som fortener publikum og salt sjølukt når ho blir fortalt! Aktørane er klare:

  • Bjørn Holum, forteljar
  • Joakim Eiksund, Terje Vigen
  • Vegard Holum, musikk
  • Torstein Holum, gitar