Terje Vigen på Herøy gard
Billettar
Om arrangementet
Til ekstraframsyninga kan ein kjøpe berre svaberg-billettar!
Vår fine uteframsyning "Terje Vigen" blir på Herøy Gard/kystmuseum som dei to første åra. Framsyninga skjer frå sunnmørsjekta «Anna Olava» framfor publikum som har sitjeplassar på trebrygga eller på svaberga. Til ekstraframyninga kl. 14 er det kun svaberg-billettar tilgjengeleg. Som vi anbefalar til alle som kan! Og så vil vi gjerne at brygge-plassane på framsyninga kl. 17 får gå til dei som treng dei for helse og tilkomst.
Vi håpar på godt ver og at folk vil lage seg ein god søndag, og kjem tilbake med informasjon om salg av rjomegraut på tunet m.m. Godt samarbeid med Jekta og Herøy Gard/kystmuseum er veldig viktig for å få til denne opplevinga som folk har tykt vel om.
Framsyningane denne august-søndagen blir som dei to første åra spelt frå sunnmørsjekta "Anna Olava" som scene og i flotte omgjevnader! (Ved for dårleg ver, flyttar vi framsyninga innandørs, då med meir informasjon tidleg i veka.) Vi inviterer nok ein gong til denne gode forteljinga som fortener publikum og salt sjølukt når ho blir fortalt! Aktørane er klare:
- Bjørn Holum, forteljar
- Joakim Eiksund, Terje Vigen
- Vegard Holum, musikk
- Torstein Holum, gitar
