Teigetue-tonar: Daniel Kvammen

Om arrangementet

Utekonsert på Teigetua som avslutning på Fyr til fyr-helga!

Kvammen har spelt konsertar på alt frå landets største festivalar til ein mykje omtalt hytte-turné på Hardangervidda. Frå Gaustadtoppen til Rockefeller. Ulike format, men alltid samme tilstadevering for eit stadig veksande publikum. Kvammen sine låtar har vist seg like sterke, anten dei blir framførte med fullt band, som nedstrippa trio-variant eller framført av den folkekjære artisten åleine. Og det siste kan du no altså få oppleve i det fri under open himmel.

Dei siste åra har Daniel både gitt ut albumet "Guta som gret" og «Absolutt Klining». «Guta som gret» er ei skive som leverte ikkje mindre enn seks radiosinglar og draumesamarbeid med både Gabrielle, Aslag Haugen frå Hellbillies og Amanda Bergman frå Amason. På «Absolutt klining» samla Kvammen mykje frå sin allereie store låtkatalog i eit meir akustisk format. På konsertane live kan ein forvente ei god rekkje hits frå heile Daniel si karriere! Slik også på Teigetua søndag 22. juni, dagen før jonsok. Tenk om det blir lummert, fint ver med vakker soldnedgang på alle bileta og musikk som kiler i øyro!

Det kjem meir informasjon om praktiske ting som tilkomst og parkering m.m. etter kvart. Allereie no understrekar vi at det blir viktig med hensyn til natur og dyr og kvarandre. Og ja, vi må ha billettsalg også for konsertar ute i det fri. Billettsalget startar allereie no torsdag 1. mai, med earlybird-tilbod fram til og med 17. mai. Dette blir spektakulært!

Foto: Simon Skreddernes