Fanny og Alexander

Om arrangementet

Ein hyllest til fantasien, livet og teatret!

Ingmar Bergman si sterke familiehistorie følgjer syskena Fanny og Alexander i den livlege teaterfamilien Ekdahl. No får vi oppleve klassikaren i ein ny versjon, dramatisert av Arne Lygre, ein av våre fremste dramatikarar.

Vi møter familien i juletider. Huset er fylt av latter, leik, kjærleik og løyndomar. Fantasi og røynd flyt over i kvarandre, og barna veks opp i ei verd der alt verkar mogleg, men der dei vaksne spelar sitt eige spel. Så brest det. Faren døyr, og livet tek ei brå vending. Mora Emilie giftar seg med den strenge biskop Vergerus, og barna blir førte inn i eit heim der fridom blir erstatta av kontroll, kulde og frykt. Særleg Alexander kjempar mot den nye tilværet, der fantasien står opp mot autoriteten sitt nådelause grep i religionens namn.

Historia rører seg mellom lys og mørker, draum og røynd, og skildrar barnet sitt blikk på ei verd som brått forandrar seg. Fanny og Alexander er basert på Bergmans Oscar-vinnande film frå 1982. Eit episk familiedrama lagt til Uppsala tidleg på 1900-talet, rekna som eit av Nordens mest betydningsfulle filmverk.

På scena møter du eit sterkt ensemble med ni skodespelarar, med gjensyn av Per Egil Aske og Marit Østbye. Regien er ved Morten Borgersen, som sist stod bak suksessen Jordmor på jorda. Dette er ei storslått, poetisk og gripande teateroppleving om familie, tru og tvil – og ei hyllest til teatermagien, fantasien si kraft og barnet i oss alle.