Teater workshop

Om arrangementet

Går du i 5.–7. klasse? Bli med på teaterworkshop med Teatret Vårt!

Korleis blir ein idé til ei historie? Og korleis kan vi fortelje den med kropp, stemme, musikk og fantasi? Bli med når skodespelar Linn Wennersten og musikar Bård Watn inviterer til ei leiken reise inn i teatret si verd.

Alle menneske og stadar har historier. Nokre har hendt på ordentleg, andre finst berre i fantasien. I denne workshopen utforskar vi korleis ein liten idé kan vekse til ei historie, og korleis vi kan gjere den levande på scena.

Vi leikar oss med teater, kropp, stemme, musikk og fantasi. Gjennom morosame teaterøvingar får de vere kreative saman og oppdage kor mykje ein faktisk kan finne på når det ikkje finst noko fasit. Til slutt set vi ideane saman og lagar vår heilt eiga miniframsyning, heilt frå vår eigen fantasi.

Workshopen er for deg som går i 5.–7. klasse, og er ein del av eit pilotprosjekt knytta til Valldal 2029, der historieforteljing står sentralt. Du treng ikkje å ha erfaring med teater. Kom som du er, ver nysgjerrig og bli med på å skape ei historie saman med oss!