SuperCharger Duo
Billettar
Om arrangementet
New Orleans Jazz-café!
Kva skjer når ein godt vaksen trommis finn kjemien med eit ungt stortalent og fyrer av ein energigivende og hardtswingande miks av New Orleans-inspirert boogie woogie, jazz, ragtime og blues? Jo, det slår gneistar - det tek nærast fyr! Konserten passar like gjerne som matiné eller jazzcafé eller sein kveld. Og i Fosnavåg LAURDAG 21. februar blir det altså ein ettermiddagskonset med småbord i salen! Planen er salg av vaflar og kaffe attåt musikken. Vi trur dette blir ein triveleg ettermiddag å gå til konserthuset på!
SuperCharger Duo har hatt det skikkeleg gøy på følgjande festivalar: Bærum Jazzfestival, Nidaros Blues (to gongar), Blues in Hell, Kardamili International Jazz Festival (Hellas, to gongar), Dalane Bluesfestival (to gongar), Blues i Blåfjell, Bodø Jazz Open, Vinterfestuka i Narvik, Festspillene i
Nord-Norge, Hemnesjazz og Sortland Jazzfestival i tillegg spilt en mengde hyggelige klubbjobber. -I tillegg har vi nylig spelt i Larvik Jazzklubb, Hamar, Narvik og Tromsø – for ungdomsskular i Trøndelag, for eldre på Sortland, Trøndelag Teater i november, og Polarjazz, Oslo, Bergen og
Stavanger på nyåret.
SuperCharger Duo spelar dansbar og publikumsvennleg New Orleans-inspirert musikk, boogie woogie m.m., med stortalentet Eirik Tveten, piano, (26 år) fra Tønsberg og ringreven Ernst Wiggo Sandbakk (67), trommer. Eirik er nyutdanna ved Jazzlinja på NTNU, bur i Trondheim og spelar boogie woogie, rag time, blues og jazz så busta fyk! Den godt vaksne trommeslagaren Ernst Wiggo Sandbakk kjem opprinneleg frå Kjeldebotn og har prega Trondheim sitt musikkliv i snart 47 år, blant anna som studiomusikar (for DumDum Boys, Hans Rotmo, Henning Sommerro og flere jazzutgivelsar), lærar på NTNU Jazzlinja (der duoen møttest) og som sjef for Trondheim Jazzfestival. Han medverka på Thorgeir Stubøs første utgjeving Notice
saman med Henning Gravrok, Terje Bjørklund og Bjørn Alterhaug allereie i 1981, ei utgjeving som blei tildelt Spellemannsprisen.
Sjekke ut meir?
YouTube: https://www.youtube.com/@SuperChargerDuo
Insta: supercharger.duo
Facebook: https://www.facebook.com/profile.php?id=61550748945369
