Stemt // Human Heart

Om arrangementet

STEMT med vårkonsert i Fosnavåg!

Blandakoret Stemt har base i Volda og Ørsta og har fa?tt mykje god omtale dei siste a?ra for sin presise klang og gode formidling. Koret vart skipa i 2015 og besta?r i dag av 28 dedikerte korsongarar med mykje, variert song- og musikkerfaring.

Repertoaret til koret spenner vidt, fra? rytmisk populærmusikk til sakral kyrkjemusikk, med det til felles at den i all hovudsak vert framført a capella. Det vert stilt store krav til gode arrangement som tek vare pa? særpreget i musikken, i tillegg til a? framheve koristane sine styrker.

Siv Kristin Aurdal er dirigent og musikalsk leiar for koret. Ho har lang fartstid som dirigent og songpedagog og er ogsa? leiar for Volda gospelkor. Ho har si utdanning fra? Norges musikkhøgskole og arbeider til dagleg pa? musikklinja ved Volda vidarega?ande skule.

Konserten «Human heart» vart satt saman som ein reaksjon pa? all uroa som rystar verda i desse dagar. Konflikter, brot pa? menneskerettar og tallause katastrofer sett dagleg sitt preg pa? verdsbiletet. Nokre blir vi mint om dagleg, medan fleire er gøymt og gløymd av omverda. Med denne konserten ønsker Stemt a? løfte fram det gode i mennesket - og a? minne om det ansvaret vi har som medmenneske; ansvaret for a? ta vare pa? kvarandre og pa? miljøet vi lev i.

Repertoaret er denne gongen sett saman av relativt nykomponert musikk, i spennet fra? godt kjende popla?ter til nyare korkomposisjonar. Jacob Collier, Coldplay, Pentatonix og Bob Dylan er nokre av namna bak musikken, som har til felles at den tek vare pa? den viktige bodskapen i konserten, ba?de gjennom stemning og tekst. Stemt tilfører songane eit heilt eige særpreg, med sine varm klang og gode tilstedeværelse. Med varierte arrangement, glimt i auget og eit knippe flotte solistar inviterer vi deg til ei fin koroppleving!