Dansekveld og konsert med Madam Jam
Billettar
Om arrangementet
Madam Jam - irriterande bra gammaldans!
Denne konserten er ein del av MiniFolkeMusikkFestival-helga i Fosnavåg! Det blir live-musikk frå kl. 20.00, og Madam Jam kjem på scena kl. 21.00. Med banebrytande runddansmusikk («gammaldans» på folkemunne) har Madam Jam raskt blitt ein favoritt i folkemusikkmiljøet. Dei lanserte debutalbumet "Van danse" i 2023, og har sidan spelt på fleire av dei store folkemusikkfestivalane i Noreg.
Madam Jam er eit møte mellom sju musikarar frå Innlandet som utforskar nye og spennande instrumenteringar og arrangement i runddansmusikken. Dei vartar opp med fengjande melodiar, frekke banjorytmar og danseappell i verdsklasse. Målet for gruppa er alltid å skape god stemning og danseglede, enten om du vil danse reinlender, polka og vals, eller berre hoppe i eufori i takt til musikken. Og sceneshowet viser at dei gjer stas på sjangeren: Glitter, hatt og fjær i stort monn! Våren 25 lanserte Madam Jam sitt album nummer to, "Partykongen".
Medverkande:
Steinar Odde – banjo
Pål Bratås – durspel, trekkspel
Øyvind Sandum – durspel, trekkspel
Gro Visdal – kontrabass
Bjørn Kåre Odde – fele, bratsj, hardingfele
Geir Byre – gitar
Kristen Bratås, keys
