Snekker Andersen og julenissen

Om arrangementet

Velkomen til eventyrstund!

Bli med på ei varm og stemningsfull eventyrstund når Jon Vegard Hovdal fortel den kjende historia om Snekker Andersen og Julenissen av Alf Prøysen!

På sjølvaste julekvelden kolliderer dei to med kjelkane sine, og det blir starten på eit heilt spesielt vennskap. Dei bestemmer seg for å byte roller: Snekker Andersen skal gå til Nissemor og borna med gåver, medan nissen besøkjer familien til Snekker Andersen.

Historia blir fortalt med varme, humor og ekte julestemning, krydra med kjende Prøysen-songar som inviterer både store og små med på allsong. Velkomen til ei hyggeleg og tradisjonsrik stund for heile familien!

 

Varigheit ca. 45 minutt
Passar for alle frå 3 år

Av
Alf Prøysen

Med
Jon Vegard Hovdal