Se meg
Om filmen
Originaltittel: Se meg
Premiere: 2025-10-31
Varighet: 1t 48min
Sjanger: Drama
Aldersgrense: 15
Originalspråk: Norsk
Regissør: Nina Knag
Ein sitrande dramathriller, med Pia Tjelta, Kristoffer Joner og Tarek Zayat i hovudrollane
Eva, busett i ei lita vestlandsbygd vert sett på si livs prøve når ho forelskar seg i ein ung asylsøkjar. Dei to innleier eit ulovleg forhold som viser seg å få enorme konsekvensar for dei begge. Eva går frå tryggleik og det kjedelege, ekteskaplege til å oppleve lidenskap i møte med den unge poeten Amir, for så å møte veggen i ei djup personleg krise når tilveret raknar. Me rører oss i gråsonane mellom naivitet og utnytting, makt og avmakt, kor sympatien stadig skiftar i denne gripande forteljinga om forboden kjærleik og uuttalt begjær, der jakta på lidenskap fører til øydeleggjande konsekvensar for alle involverte Endeleg, for fyrste gong sidan Mongoland i 2001, møter me Pia Tjelta og Kristoffer Joner saman på lerretet att! Med seg har dei m.a danske Tarek Zayat og Kathrine Thorborg Johansen. Den debuterande regissøren Nina Knag har også skrive manuset saman med Kathrine Valen Zeiner.
