Den store band-kvelden!
Billettar
Om arrangementet
3 BAND på EIN KVELD!
Velkomen til ein redige BAND-kveld med 3 ulike band med kvar sin sjanger! Denne første gongen står følgjande band på menyen: Støyt, Love Experience og BakarBandet! Ulike set-lister og noko for einkvar smak, som vi vil presentere på våre nettsider og SoMe framover. Følg med!
Vi har jobba litt utifrå konserthuset ei stund med å samle interesserte musikarar og vokalistar i ei facebook-gruppe. Band har siste åra kanskje leita litt etter scene og anledning, og no håpar og trur vi at vi har funne fram til eit kjekt konsept til glede for både musikarar og publikum! Fosnavåg konserthus legg til rette med fasilitetar på scene, lyd, lys og teknikk. Og vil gjere så godt vi kan for å fylle småbord-salen vår denne fredagskvelden i november. Vi har trua på at publikum vil setje pris på ein slik kombo, og ønskjer velkomen til tre timar med deilig bandmusikk! Om folket vil, vil vi gjerne prøve på nytt utpå vinteren også.
STØYT:
STØYT er eit nytt Sunnmørsband med fokus på moderne rock. Eit nytt rockeband frå Fosnavåg som består av fire erfarne musikarar med bakgrunn frå det lokale musikkmiljøet. Bandet byrja å spele saman i 2024 og gjer seg no klare til sine første offentlege opptredenar. Musikalsk har STØYT ein tydeleg profil innan moderne og alternativ rock. Repertoaret er henta frå kjende artistar og band som Foo Fighters, Green Day, The Killers, Red Hot Chili Peppers og Muse. Med ei medviten blanding av energi, dynamikk og variasjon ønskjer bandet å skape ei konsertoppleving som engasjerer publikum frå start til slutt. I oppstartsfasen har STØYT lagt stor vekt på øving, samspel og utvikling av eit felles musikalsk uttrykk. Målet er å byggje erfaring på scena og utvikle seg til eit solid liveband. Bandet, som no ser fram til å møte publikum rundt om på Sunnmøre og resten av regionen, består av: Glenn Charles Huldal (bass og vokal), Dag Nærø (gitar og vokal), Paul-Sindre Tarberg (tangentar og vokal) og Jon-Arne Lillebø (trommer).
BAKARBANDET:
Bakarbandet er røynde karar med brei musikalsk bakgrunn, og denne kvelden høyrer du:
- Leiv Arne Nydal (fele)
- Ronny Jakobsen (trommer og song)
- Øystein Djupvik (bass og song)
- Tor Frantsen (tangentinstrument, song)
- Ståle Rasmussen (gitar, mandolin og song)
- Vakker gjestevokal og nye låtar!
Bakarbandet serverer musikk i Folk-/Americanasjangeren, med låtar frå kjende artistar som Alison Krauss, Norah Jones, Eagles med fleire. I tillegg har dei med seg ein spennande songsolist, Trine Teigene, som med si vakre stemme set ein ekstra spiss på konserten og passar perfekt inn i dette musikalske landskapet! Det vert også framføring av nokre eigenskrivne låtar. Likar du akustiske instrument som gitar, kontrabass, fele m.m., fleirstemt song og god stemning så er dette noko du ikkje vil gå glipp av!
LOVE EXPERIENCE:
Det lokale bandet "Love Experience" har halde på lenge og er nok godt kjende for mange. Her blir det Elvis- og The Beatles-låtar, litt country, litt svensktopp kanskje - og høg allsongfaktor! Til og med Al Jarreu og Billy Joel kan dukke opp på setlista til bandet som også har Rolling Stones i repertoaret. Popbandet Love Experience vart starta i 1967, og har hatt diverse samansetjingar sidan då. Dei hadde ein restart på 90-talet, og ein i 2005, så ein har iallfall halde på ein plass mellom 20 og snart 60 år! Repertoaret er mykje godt det same som i gamle dagar, men sjølvsagt har nye låtar kome til opp gjennom åra. Eit kjenneteikn har vore mykje fleirstemt song – ikkje minst når Beatles sine verk skal framførast. Besetninga denne gongen blir:
- Ragnhild Øvrebøe - vokal
- Tor Frantsen - keyboard, vokal
- Paul Gustav Remøy - gitar, vokal
- Ragnar Øvrebøe - bass, vokal
- Eldar Ove Voldsund - trommer
