Reisen mot nord

Om filmen

Originaltittel: Reisen mot nord

Premiere: 2025-11-07

Varighet: 1t 25min

Sjanger: Familiefilm, Animasjon

Aldersgrense: 6

Originalspråk: Norsk

Regissør: Bente Lohne

Årets vakraste juleeventyr for heile familien - Basert på H.C. Andersen si "Snødronningen".

Når bestevenen til Gerda forsvinn nesten sporlaust, nektar ho å gje opp. Gerda tek farvel med katten sin og legg ut på reise, inn i det ukjente nord. Det blir eit hendingsrikt eventyr i ei stor verd, og Gerda må overvinne mange tøffe utfordringar. Heldigvis oppdagar Gerda at ho ikkje er åleine, og ho finn viktige hjelparar i ein trufast hest, ein reddande fugl, ein gut med namn Sampo og ei heks som tilbyr husrom. Det syner seg at ein fiende følgjer med på henne i det skjulte: Snødronninga og lærlingen hennar, Ludvig, held bestevenen til Gerda fanga i eit ispalass langt mot nord i Noreg. Dei prøver å lure Kai til å løyse ei mystisk oppgåve for dei, og gjer alt dei kan for å hindre redningsaksjonen. Korleis kan Gerda redde bestevenen sin? Reisen mot nord baserer seg på H.C. Andersen sitt hylla eventyr Snødronningen. No kjem endeleg det leikne og uendeleg fantasifulle eventyret kledd i nydeleg, storslagen animasjon for kinolerretet. Den banebrytande norske fantasy-forfattaren Bente Lohne har regien på ein julefilm for heile familien som vekkjer oppsikt internasjonalt. Med Pixar-grunnleggjar og Toy Story-produsent Ralph Guggenheim på produsentteamet, får Reisen mot nord også ei massiv, internasjonal kinolansering «Reisen mot nord utmerker seg med sin urokkelige forankring i H.C. Andersens tekst og - ikke minst - ved sin smittende fortellerglede.» – Johs N. Frandsen ved H.C. Andersen-senteret.