Bandet har denne hilsenen til publikum: «Bandets gitarist ble i helgen rammet av akutt og alvorlig sykdom, og det er ikke mulig å få på plass en vikar på så kort varsel. Vi hadde gledet oss veldig til å spille for dere og er lei oss for at konserten må utsettes. Takk for forståelsen og omtanken i en vanskelig situasjon. Vi håper å se dere på den nye datoen.»
Vennlig hilsen
Fosnavåg konserthus og Pulse of Floyd
I 2026 markerer Pulse of Floyd sitt 19. år på turné, og bandet legg samstundes bak seg sitt mest aktive og ambisiøse år til no. Etter nesten to tiår med utselde konsertar og dedikerte fans, held Pulse of Floyd fram med å levere Pink Floyds musikk med stor respekt, presisjon og nerve.
På turneen i 2026 presenterte bandet eit breitt og variert utval frå heile Pink Floyd sin katalog, og dekkjer album frå 1967 til 1994. Frå dei tidlege, psykedeliske eksperimenta til dei store, stemningsmetta klassikarane – publikum vert tekne med på ei musikalsk reise gjennom nesten tre tiår med musikkhistorie.
Med sterk musikalitet, gjennomført lydbilde og fokus på atmosfære, er Pulse of Floyd kjende for å gjenskape både følelsen og krafta i originalmaterialet – samtidig som konsertane lever sitt eige liv på scena. Kåra til eit av verdas beste Pink Floyd Tribute band av Svensk Musikkmagasin.
Pulse of Floyd – eit høgdepunkt for alle Pink Floyd-fans!