PÅLIN – Vår eventyrlige venninne
Billettar
Om arrangementet
Ei teaterframsyning om Pauline Leopold som blei Pålin Li. Historia følgjer hennar liv frå ein trygg oppvekst til flukt, hemmelege oppdrag og eit nytt liv i Norge. Som ung jente i London blei ho sendt bort av foreldra då krigen braut ut. Eit tilfeldig val om å lære seg norsk førte henne inn i den norske motstandskampen, der ho arbeida tett på militær leiing og fekk ei viktig, men skjult rolle.
Framsyninga gir eit nært og personleg innblikk i krigens konsekvensar gjennom eit menneske sitt liv – prega av kjærleik, tap, svik og skaparglede. Gjennom minne, musikk og visuelle element inspirert av hennar eigen kunst, løftast ei historie fram som minner oss om at dei store historiske hendingane alltid levast av enkeltmenneske. I ein fersk artikkel frå KK kan du lese meir om bådet stykket og Evy.
Dette er ei forteljing om mot, håp og livskraft – og om korleis historia framleis lever i oss.
Her får du ein sjeldan sanse og ein eksklusiv tilgang til eit stykke, gjennom eit samarbeid mellom Fosnavåg konserthus og Herøyspelet. Velkomen til ei nær framsyning med småbord på scena i konsertsalen!
Skodespelar: Evy Kasseth Røsten
Musikar og skodespiller: Vetle Røsten Granås
Regissør: Ida Holten Worsøe
Dramatikar: Ingrid Weme Nilsen
