Christmas with Nordic Tenors
Billettar
Om arrangementet
Nordic Tenors tilbake til Fosnavåg til jul!
Når nettene blir lange og vinterfrosten legger et rimet slør over mørkelandet... er det lite som varmar som tonane frå dei tre høgt elska tenorene i Nordic Tenors og deira virtuose pianist Torgeir Koppang.
Christmas with Nordic Tenors er mykje meir enn ein julekonsert. Dette er både ein konsert med musikk og vokalprestasjonar frå øvste hylle og ei estetisk og fullt ut gjennomarbeida framsyning, med andre ord ei fryd både for auge og øyre. For nittande året skapar tenortrioen ei førjulsstund fylt med varme og humor, med eit variert julerepertoar bygt på høgtid og tradisjon, ei framsyning som garantert vil setje deg i den gode julestemninga.
Med seg har dei sin faste framragande lyddesignar Ove Nesheim som elles i året jobbar tett med Frida Aannevik og Marit Larsen, samt ein av Norge sine fremste lysdesignarar og videokunstnarar Andreas Ohldieck, som også turnerer med Alan Walker. Pianist Torgeir Koppang er ein av Norge sine beste og mest versatile pianistar. Nordic Tenors består av tenorane Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak.
Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastrar, opna den nye operaen i Oslo og har vunne publikum sine hjarte over heile landet. Gled dykk til hjarterørande julemusikalske opplevingar, helsebringande mosjon for lattermusklane og himmelsk balsam for lydhøyre øyre!
