Jubileumskonsert Molde Gospel 2026
Billettar
Om arrangementet
Molde Gospel feirar heile 10 år med gospelglede i 2026, og inviterer til ein forrykende jubileumskonsert i Fosnavåg konserthus denne laurdagen i oktober! Med på repertoaret har vi låtar frå mange ulike prosjekt, mellom anna legenda Andraè Crouch, gospelkongen Kirk Franklin og velklingande Oslo Gospel Choir. Vi krydrar også med nokre nye låtar, og lovar ein variert, stemningsfull og livlig konsert på ei festpynta scene.
Molde Gospel tel 32 songarar, og har med seg eit fantastisk band! Dagfinn Grønvik på tangentar, Andrè Gussiås på orgel, Lidvar Emblem på bass, Arnt Inge Torheim på gitar og Joachim Orvik på slagverk. I tillegg toppar vi laget med Olav Tornes på saksofon og Lars Alver Krum på trompet. Det heile er under leing av vår dirigent og herlege musikalske inspirator Miriam Venås!
Rett og slett ein nydeleg bukett musikarar og songarar som er klare for gospelfest og jubileumskonsert i Fosnavåg Konserthus! Let's celebrate! Hjarteleg velkomen!
