Julekonsert med Lewi Bergrud og Garness
Billettar
Om arrangementet
Velkommen til julekonsert med Lewi Bergrud og Garness!
Søskenduoen Garness skapte begeistring med julealbumet «Barnet i krybben» – ei varm, leiken og personleg samling julesongar som fekk strålande mottaking i rikspressa. Sidan den gong har duoen frå Vestlandet reist landet rundt og skapt stemningsfulle julekonsertar for publikum i alle aldrar.
Lewi Bergrud har gjennom mange år markert seg som ein av landets mest aktive turnerande artistar. Hans sterke tolking av «Fairytale of New York» på totendialekt – «Når kjerkeklokka slår» – har blitt en julefavoritt for mange.
Både Lewi og Garness hadde konsertar i Fosnavåg i 2025, no kjem dei altså tilbake til jul! Saman inviterer dei til ein musikalsk og nær julekonsert fylt av håp, varme og speleglede, med barnet i krybba i sentrum. Saman med publikum skaper dei ein kveld smekkfull av både vestlandsk og totensk julestemning. Dette blir ein kveld med sterke tekstar, vakre harmoniar og historier du vil hugse.
Velkomen på konsert!
