Multimedieforedrag av astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard

Om arrangementet

Multimedieforedrag om verdensrommet: Kosmiske mysterier og spektakulære fenomener!

Nye superteleskop på bakken og i rommet er i ferd med å revolusjonere vår kunnskap om Universet. Nye «vindauge» mot rommet gir oss eineståande innblikk i dramatiske, mystiske og spektakulære fenomen. I fjor fekk vi både bevis for liv på ein fjern planet og på Mars, i år finn vi kanskje ein planet til i Solsystemet, og vi er i ferd med å finne ut kva Universet består av og korleis dei første stjernene og svarte hola blei til.

Nye teleskoper viser oss voldsomme stjernesmell og stjerner som dansar ein kosmisk dans og smeltar saman, og vi ser dei første galaksane, superhola og stjernene etter Big Bang. Oppdagingane – og overraskingane - står i kø og avslører nye mysterie! Daglig ser vi svarte hol som dannast eller som smeltar saman, og snart kan vi oppdage ormehol – moglege snarvegar til andre univers!

Nokre tema:
- Bevis for liv både på ein planet utanfor Solsystemet og på Mars!
- Finn vi Solsystemet sin 9. planet i år?
- Asteroidar som sneiar Jorda og superverdifulle asteroidar der vi skal drive gruvedrift
- Vil du jobbe på Månen eller flytte til Mars?
- Romheiser i løpet av 20 år
- Svarte hol og ormehol
- Mystisk mørk materie – ein type spøkelsespartiklar?
- For første gong ser vi Universet sin barndom og mystiske fenomen og objekt
- Historias mest voldsomme eksplosjon
- Aktuelle himmelhendingar 
+ mykje meir!