JILB

Om arrangementet

Jazz-trio med vinyl-slepp!

Jazztrioen JILB har vore i Ocean Sound Recording på Giske og spela inn plate. Den vart lansert på jazzklubben på Tredet torsdag 10. september. Og til konserten 1. oktober skal vinyl-platene vere klare og med til Fosnavåg!

Bak namnet JILB skjuler initialane til John Inge Leira Bjøringsøy seg. Han er organist i Ørsta og geitebonde på Leira i Hjørundfjorden, men ikkje minst ein mykje nytta og omtykt pianist. Stikkord her er allsidigheit - både i sjanger og uttrykk; Her får du alt frå det enkle og vare til det teknisk avanserte og frapperande.

Plata har fått tittelen “Søvnen” og inneheld for det meste originalkomposisjonar av John Inge, i tillegg til nokre kjende norske musikalske “svisker”. Med i trioen er også Svein Hunnes (bass) og Carlos Alberici (trommer) i tillegg til John Inge (piano og vokal).

Dei som har kjøpt seg billett til "Vinyl & HiFi vol. 2" same kveld, får inkludert inngang til konserten. Og dei som kjøper seg billett til konserten, må gjerne kome allereie kl. 19 når "Vinyl & HiFi vol. 2" startar. Éin billett, to arrangement. Genialt! Velkomen!