Se det for deg - med Janove

Om arrangementet

Ein kveld om å følgje draumar, sleppe tak i perfeksjonismen, sette seg hårete mål, og nokre gongar faktisk nå dei.

-Eg har vore artist i 25 år. Det har ført meg mange stadar: frå eventyret med Kaizers Orchestra og eit unikt fellesskap med publikum, til teater og film med«The Mute», og vidare til livet som soloartist, med meir ansvar, meir sårbarheit og fleire spørsmål til meg sjølv. 

Ingenting av dette har kome lett, og aldri ålene. Bak kvart prosjekt ligg år med arbeid og tett samarbeid. Eg har lært at 90 prosent av jobben er forarbeid og planlegging. Sjølve konserten, låta eller albumet varer kun ein augneblink – det er vegen dit som er sjølve reisa. Det er der dei gode historiene oppstår. 

Denne kvelden vil eg gi dykk eit innblikk i mi oppleving av det å vere artist, som kanskje ikkje er så annleis enn det å vere menneske. Det handlar mykje om kontrastar: å vere seg sjølv fullt ut, men alltid i relasjon med andre. Om sjølvtillit, men også tillit til andre. Om å stå i tøffe utfordringar, omfamne endring eller gå vidare i aksept – uten å gi opp. Vi er alle på ei uendeleg reise.

«Alle store eventyr begynner kun med ett skritt. Reis deg opp å gå, det neste kan bli ditt.» 

Vanlegvis møter vi Janove på scena gjennom konsertar, der han deler historier mellom sangane. Denne gongen snuast formatet på hovudet: han deler først og fremst erfaringar frå opp- og nedturar gjennom 25 år som artist. Og ja – det ryktast at det også blir nokre få musikalske innslag mellom historiene.

(Lukka forsalg til følgarar og abonnentar til vårt nyleg utsendte nyheitsbrev frå tysdag kl. 10, ordinært billettsalg frå torsdag kl. 10.)

Velkomen!