Slik takler du IDIOTENE PÅ JOBBEN! 2

Om arrangementet

Splitter nytt foredrag!

«Slik takler du IDIOTENE PÅ JOBBEN 2» er oppfølgjaren til foredraget som har gått for fulle kulturhus dei siste åra. Utseld gong på gong – fordi alle har minst éin idiot på jobben. Per Henrik Stenstrøm leverer nok ein gong eit morosamt og tankevekkjande foredrag om arbeidslivet. IDIOTENE 2 er tilbake i heilt ny utgåve, proppfullt av nye historier og skråblikk som hjelper deg å forstå dei kollegane du ikkje forstår deg på. 

IDIOTENE PÅ JOBBEN 2 tek opp alt som står i vegen for motivasjon på arbeidsplassen – anten det er irriterande kollegar, håplause sjefar eller vanskelege kundar. Stenstrøm besøkjer med sine foredrag nesten 150 arbeidsplassar kvart år og denne kvelden får du hemmeligheitene som gir betre arbeidsmiljø. Og ikkje minst: Korleis vi kan bli kvitt baksnakking og surmuling på jobben!

Forrige gong Stenstrøm besøkte oss ble kom det nærare 300, såleis er det lurt å sikre seg billetter med god plassering tidleg. Per Henrik Stenstrøm er ein av Norge sine mest populære foredragshaldarar og har skrive bøkene «Irriterende kolleger» og «Når sjefen er en idiot». Bli med på suksessen – her blir det både latter og aha-opplevingar!