KRISTIANSEN // VEMØY

Om arrangementet

Hymns for Shepherds and Kings

Velkomen til ein stemningsfull og meditativ julekonsert med KRISTIANSEN // VEMØY – to av landets mest spennande musikalske formidlarar. Denne kvelden blir ei unik muligheit til å oppleve ei musikalsk reise gjennom nytolkningar av jula sine hymner, i brytninga mellom bodskapen om glede og håp, og den brutale verkelegheita vi lever i.

Konserten er ei kontemplativ oppleving for både sjel og sinn. Med inspirasjon frå jazz, klassisk musikk og elektronika skapar duoen eit unikt lydunivers der det urolege og utydelege møter det beroligande og klare. Kontrasten mellom elektroniske underlag og akustiske element gir ei djuptgåande oppleving som femner spekteret av menneskelege kjensler.

KRISTIANSEN // VEMØY er begge anerkjende musikarar som har markert seg i ulike musikalske samanhangar, både som utøvarar, komponistar og gjennom sine egne prosjekt. Deira samarbeid har røter i Kulturkirken Jakob i Oslo, og har så langt resultert i tre albumutgjevingar.

KRISTIANSEN // VEMØY
Øyvind Kristiansen [tangentar & programmering]
Jonas Kilmork Vemøy [trompet & elektronikk]

Om «Hymns for Shepherds and Kings»:
«Julealbum som skiller seg ut» (Dagsavisen)
«Vakkert, stillferdig og høyst personlig» (Nettavisen)
«En av de beste platene i desember» (Vårt Land)