Harm & Hegseth 10 år med podd, p(an)ikk og psykiatri
Billettar
Om arrangementet
Harm & Hegseth held fram sin bejublede jubileumsturné!
I 2026 feirar Harm & Hegseth 10 år som offentlege kjerringar i konstant livskrise. I ti år har dei levert landets mest høglytte og lavkulturelle podcast, og jubileet blei feira med ein nasjonal turné av uanstendige proporsjonar.
Til hausten legg den ikoniske duoen igjen ut på vegen med sitt bejubla jubileumsshow «Harm & Hegseth 10 år med podd, p(an)ikk og psykiatri». Om du er podfan, passiv- aggressiv tante, latent homofil, eller berre elskar show med for mykje lys, lyd og laber impulskontroll er dette showet for deg!
«Ti år med kjendisbitching, homosladder, horeri, hudpleie, realityhelvete, runkekoppar, Ray-Bans på avvegar og ufrivillig vaksenliv har ført oss hit: eit sceneshow som oppsummerer alt vi elskar og fryktar», uttalar den ikoniske duoen. «Og nei, vi har fortsatt ikkje barn. Men vi har fortsatt kvarandre. Og
mikrofonane våre. Og Fanta Exotic», legg dei til. Dette er jubileet du ikkje visste du trengte - men som du kjem til å le deg sveitt av!
