Giddy Gang & Vuyo
Billettar
Om arrangementet
Konsert after the run!
Laurdag kveld blir det groovy og spennande musikk på After-run etter FTF-løpet når vi sender Giddy Gang på scena i konsertsalen! Med i gjengen er utflytta herøyværing Sarah Vestrheim som mange kjenner frå vårt lokale musikkmiljø. Thon hotel Fosnavåg er også med og samarbeider om denne kvelden, vi gjer merksam på at det blir servering av drikke og ein kombinasjon av småbord og opne dører til foajéen. Meir info om kva tid dørene opnar m.m. må du følgje med på framover.
GiddyGang & Vuyo har dei siste fem åra blitt godt kjende for sine uimotståelege konsertar. Deira giddyness har fylt scener som Parkteatret, Munch og Blå, og det går framleis gjetord om by:Larm-konserten på Krøsset i 2021 som var så full at halvparten av dei håpefulle blei ståande utanfor.
GiddyGang & Vuyo er ikkje berre eit band – det er eit kollektivt hjarteslag som pulserer med hip-hop, soul og jazzvibbar, der sterke grooves og improvisasjon naturleg smeltar saman. Musikken deira er både ei feiring av glede og ein djuptgåande refleksjon over dagens sosiale spørsmål. Sidan bandet blei danna i 2019, etter spontane jam-sessions på NLA Staffeldtsgate, har deira varierte bakgrunn blitt ei uttømeleg kjelde til kreativitet og nyskaping.
Med musikalske førebilete som D’Angelo, The Roots, Kendrick Lamar og J Dilla, er GiddyGang djupt forankra i ein tradisjon som kombinerer teknisk finesse med emosjonell djupne. Kvar live-opptreden er ei energifylt oppleving som etterlet publikum mållause. Deira rykte har også nådd internasjonale øyre – DJ Jazzy Jeff, Mac Ayres og Robert Glasper er blant dei internasjonale stjernene som har oppdaga bandet på YouTube og lovpriser deira særeigne sound.
Sarah, Sigmund, Bård Kristian, Vuyo, Martin, Sigurd og Kevin blei nominert til Spellemann i kategorien R&B/SOUL, og vann nyleg Sørveiv-prisen 2024, stemt fram av ein jury blant alle artistane på årets line-up.
I 2024 heldt GiddyGang fram med å ta musikkverda med storm, med ny musikk på horisonten. Deira debutalbum, Destiny / Sacrifice, tek opp dei store spørsmåla vi alle kan relatere oss til: Følger vi den rette vegen når vi forfølgjer draumane våre, sjølv om vi må ofre mykje på vegen? Og kven blir vi når vi til slutt når målet vårt? Albumet opnar med den sjølvransakende, men fengande "What You Need", og markerer Giddy som ei kraft å rekne med – både på scena og på plate.
Pressa har heller ikkje lete dette gå forbi:
- En av årets beste konserter, Aftenposten
- Et av landets beste liveband - og like gode på plate, Aftenposten
- Liveband av et utrolig format, Dagsavisen
- Akkurat det som trengs av en treffsikker hiphop-slager, Nrk P3
Her kan du lytte: