Frisk Bris 25 år
Billettar
Om arrangementet
Vokalgruppa Frisk Bris består av 15 songglade damer med tilhaldsstad i Ålesund. Frisk Bris har eit allsidig repertoar, ofte rytmisk musikk med tette klangar framført a cappella, dvs. utan toneføljge. Men gjennom åra har vi hatt fleire samarbeidsprosjekt med fantastisk dyktige musikarar, m.a. på den årlege førjulskonserten "Frisk Bris i ventetida". Musikalsk leiar er Gro Dalen.
Frisk Bris feirer sitt 25-årsjubileum med to konsertar, i Fosnavåg og Ålesund. På konserten i Fosnavåg konserthus har gruppa invitert med seg Tolvtetten og ikkje minst far og son, Bjørn Holum og Vegard Kvamme Holum. Korkje Tolvtetten, Bjørn eller Vegard skulle trenge nokon ytterlegare presentasjon for publikummarar i Herøy.
