Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal
Billettar
Om arrangementet
Frå gamaldans til kunstmusikk
Duoen Kvernberg/Bjørdal har skapt eit unikt konsept der dei kombinerer noko så tilsynelatande ulikt som gamaldans og kunstmusikk. Dei har begge bakgrunn frå både folkemusikksjangeren og kunstmusikksjangeren, og dei har begge stor breidde som musikarar. Det å hente element og uttrykksmåtar frå den eine og ta med inn i den andre sjangeren har stor verdi for musikarane i dette prosjektet. Duoen har planlagt 10 konsertar og 5 prøvedagar det neste året frå Oppdal til Follebu.
Jorun Marie Kvernberg og Kristina Farstad Bjørdal er begge karismatiske og virtuose musikarar. Jorun Marie Kvernberg har i tjuefem år arbeidd fulltid som folkemusikar med særleg kunnskap om lokale tradisjonar i Møre og Romsdal, på fele, hardingfele og som songar. Vidare har ho dei siste ti åra posisjonert seg som ein komponist med ei ny, frisk stemme inn mot både kunstmusikkmiljø og folkemusikkmiljø og har fått fleire prisar og tingingsverk. Kristina Farstad Bjørdal har studert klassisk akkordeon mellom anna med anerkjende Geir Draugsvoll i København. Ho har eit imponerande spenn mellom framføringar av samtidsmusikkverk på den eine sida, og som trekkspelar i ulike gamaldans- og folkemusikk-konstellasjonar på den andre sida.
Begge musikarane har ein djup lidenskap for musikk frå begge sjangrar, og ser no på linjene mellom dei to verdene. Konsertrepertoaret vil variere mellom å vere runddans-(gamaldans) og bygdedans-musikk, til dømes for eit dansande publikum, til nykomponert samtidsmusikk av Kvernberg i konsertsetting, og også ein kombinasjon mellom desse to. Det er interessant å freiste å bygge ned skiljelinjer mellom desse to ytterpunkta, og kanskje særleg kva gjeld status i norsk musikkmiljø. Kvifor vil noko ofte bli rekna som meir verdifullt eller meir og mindre tilgjengeleg enn noko anna? Korleis kan ein hente verdiar, metodar og farger frå den eine ytterkanten til den andre, og kva tilfører det?
I 2025 har duoen allereie hatt 11 konsertar frå Troms i nord til Voss i sør. Duoen er passande på alt frå tradisjonelle folkemusikkscener, fusionscener, store multimusikalske musikkfestivalar, klassiske musikkfestivaler, samtidsfestivalar, og til dansespel både med rund- og bygdedans, og me arbeider aktivt for å byggje nettverk i ulike sjangermiljø og å gjere duoprosjektet vårt kjend blant arrangørar i mange ulike musikalske landskap.
Eit av 2025 sine høgdepunkt hittil har vore bankkonsert i Voss Sparebank arrangert av den anerkjende akkordeonfestivalen NordAccordion, og ein heidundrande sommarkonsert i Kværnes Kirke på Averøya der stemninga stod i taket og duoen spelte seg til ein sekser på terningen i lokalavisa. Dette samarbeidet vil begge musikarane satse på framover, då det er bærekraftig, inspirerande og av høg musikalsk kvalitet. Det som står høgt i kurs det neste året er å vidareutvikle og spisse konseptet ytterligare med tanke på sjangerbevisstheit når ein øver inn ting. T.d. få den rette tangofølelsen på Oblivion, samstundes som ein spelar autentisk Nordmørspols i neste avdeling. Dette er det som gir duoen så mykje glede av å spele saman!
(Fotograf: Pernille Holsvik)
Lenker på YouTube:
Fagre Stryn av Per Bolstad: https://www.youtube.com/watch?v=Sf1KCwuu2b8
Escualo av Astor Piazzolla: https://www.youtube.com/watch?v=lyNr0gV_be4
Friggs Rokk av J.M Kvernberg: https://www.youtube.com/watch?v=rEzIBEpOldA
Escualo av Astor Piazzolla: https://www.youtube.com/watch?v=lyNr0gV_be4
Insomnia (Rangelpols, Nattsalme, Ottesong): https://www.dropbox.com/scl/fi/we52to2tqopjjjnp3hgyg/2025-08-03_-Kvernberg-Bj-rda-Ve-y-gamle-kirke-Insomnia.mp4?rlkey=uradhs0ej19bmfaxjriu0ctr8&dl=0
