Foredrag: Korleis fungerer hjernen? Frå romsans til minne.
Billettar
Om arrangementet
Foredrag med nobelprisvinnarane professor May-Britt Moser og professor Edvard Moser
Nobelprisvinnarane professor May-Britt Moser og professor Edvard Moser presentere sitt siste banebrytande arbeid innanfor hjerneforsking. Foredraget er ein del av Rotary sin distriktskonferanse 2026 i Fosnavåg. Herøy Rotayklubb opnar dørene til konferansen for alle som vil høyre dette sjeldne foredraget.
Korleis fungerer hjernen? Frå romsans til minne
Korleis held hjernen orden på kvar vi er, og korleis brukar vi romsansen til å lage minne? I dette foredraget vil vi setje fokus på korleis spesialiserte nerveceller i hippocampus og entorhinal cortex i hjernen lagar eit indre kart over omgjevnadene våre. Vi vil vise korleis posisjon kontinuerleg vert koda i nettverk av gitterceller - cellene som vi oppdaga i 2005 og som vi fekk Nobelprisen for. Til saman lagar desse cellene eit indre kart over vår eigen posisjon i omgjevnadene. Vi har funne at dette kartet er sirkulært i to dimensjonar og har forma til ein smultring .- ein torus. Smultringkartet oppstår svært tidleg i livet, før vi kan sjå eller høyre. Det tyder på at romsansen vår langt på veg er medfødd – bygd inn i hjernen frå starten av. Gittercellesystemet er grunnlaget for hjernen sitt navigeringssystem og gjer det mogleg å finne fram, men det er også ein viktig komponent i mekanismen for å lagre minner. Systema for rom og minne er dei som vert ramma først ved Alzheimers sjukdom. Endringane i desse systema byrjar gjerne i entorhinal cortex og spreier seg til hippocampus, mange år før symptoma kjem til syne. Vi har enno ingen kur for Alzheimer, men ved å forstå korleis desse hjernesystema verkar i utgangspunktet, kan vi finne nøkkelen til å førebyggje eller bremse sjukdomen.
NB! Dei fremste radene er reserverte til konferanse-deltakarar. Så salkartet her startar på rad 9. Innslepp for publikum frå kl. 09.45.
(Foto: Kavli-instituttet Geir Mogens)
Om foredraget opplyser foredragshaldarane:
Korleis held hjernen orden på kvar vi er, og korleis brukar vi romsansen til å lage minne? I dette foredraget vil vi setje fokus på korleis spesialiserte nerveceller i hippocampus og entorhinal cortex i hjernen lagar eit indre kart over omgjevnadene våre. Vi vil vise korleis posisjon kontinuerleg vert koda i nettverk av gitterceller - cellene som vi oppdaga i 2005 og som vi fekk Nobelprisen for. Til saman lagar desse cellene eit indre kart over vår eigen posisjon i omgjevnadene. Vi har funne at dette kartet er sirkulært i to dimensjonar og har forma til ein smultring .- ein torus. Smultringkartet oppstår svært tidleg i livet, før vi kan sjå eller høyre. Det tyder på at romsansen vår langt på veg er medfødd – bygd inn i hjernen frå starten av. Gittercellesystemet er grunnlaget for hjernen sitt navigeringssystem og gjer det mogleg å finne fram, men det er også ein viktig komponent
i mekanismen for å lagre minner. Systema for rom og minne er dei som vert ramma først ved Alzheimers sjukdom. Endringane i desse systema byrjar gjerne i entorhinal cortex og spreier seg til hippocampus, mange år før symptoma kjem til syne. Vi har enno ingen kur for Alzheimer, men ved å forstå korleis desse hjernesystema verkar i utgangspunktet, kan vi finne nøkkelen til å førebyggje eller bremse sjukdomen.
