Fjord Cadenza: D-Day Darlings

Om arrangementet

Ein hyllest til frigjeringa og håpets songar!

Ta ei reise tilbake til ein av historias mest avgjerande periodar med Storbritannias mest elska krigstidskor, The D-Day Darlings! Denne unike konserten feirar frigjeringsjubileet med dei songane som gav håp, trøyst og styrke til ein heil generasjon.

Opplev dei tidlause melodiane som definerte ein æra og gav generasjonar håp i mørke tider. Programmet inkluderer ikoniske songar som:

Vera Lynn-klassikarar:

  • «White Cliffs of Dover» - håpets hymne

  • «We'll Meet Again» - løftet om attmøte

  • «A Nightingale Sang in Berkeley Square» - kjærleik i krigstid

Swing-æraens hits:

  • «In the Mood» og «Chattanooga Choo Choo» frå Glenn Miller-æraen

  • «Boogie Woogie Bugle Boy» - The Andrews Sisters sin energiske klassikar

  • «Beer Barrel Polka» - den muntre dansen som løfta stemninga

  • «Paper Moon» og «Lady is a Tramp» - jazz-standardar framført som solo-innslag

  • «Don't Sit Under the Apple Tree» - heimefrontens melankoli

 

The D-Day Darlings held krigstidsånda i live med sin autentiske og respektfulle tilnærming til denne viktige musikkarven. Med sin patriotiske energi og lidenskap for å heidre veteranar, bringar gruppa lyden og kjensla frå fordoms æra inn i moderne tid.

The D-Day Darlings blei danna for over ti år sidan av Katie Ashby, og blei verdskjende etter å ha nådd finalen i Britain's Got Talent i 2018. Som den bestseljande kvinnegruppa frå programmet, fekk dei platekontrakt med Sony Music UK og debutalbumet I'll Remember You nådde 5. plass på albumlistene. Med Dame Vera Lynn si velsigning, og som offisielle innsamlingsarbeidarar for The Royal British Legion, har gruppa blitt Storbritannias mest elska «sweethearts».

Til Fjord Cadenza kjem D-Day Darlings med følgende besetning

Katie Asby
Alana Shirley
Anna Marie Pinnel
Charlotte Mckay
Kylie Bates

 

Denne konserten er gjort mogleg gjennom ei generøs gåve frå Per Sævik.