Erlend Viken trio

Om arrangementet

Avspel kl. 20.30, konsertstart kl. 21.

Dørene inn til konsertsalen opnar kl. 20.00, og vi vil at alle publikummarar skal vere på plass i amfiet til kl. 20.30. Då opnar vi MiniFolkeMusikkFestivalen med eit lite kickoff i konsertsalen. "Avspel" er kanskje eit rettare ord, for her blir det musikk og spel, samt ein introduksjon til helga - og til folkemusikk anno 2026. Her blir med både tilreisande og lokale krefter, både unge og gamle. Meir info kjem, vi vil forsøke å setje sjangeren på kartet og vere litt vegvisarar ei slik helg. Etter trio-konserten er ferdig blir det folkemusikk-pub med buskspel (jam) oppe i Thon sin lobbybar.

Kl. 21.00 går bandet "Erlend Viken Trio" på scena.

Med hardingfele, el-gitar og kontrabass presenterer Erlend Viken Trio folkemusikk med eit lydbilde få har høyrt tidlegare; basert på norsk tradisjonsmusikk, og med inspirasjon frå improvisasjonsmusikk, ørkenblues og rock. Trioen har spelt konsertar i store deler av Europa, og gjennom sine energiske live-opptredenar har dei skaffa seg mange fans på tvers av sjangergrensene. 

Erlend Viken - fele, oktavfele og hardingfele

Marius Graff - elgitar 

Sondre Meisfjord - kontrabass

 

¨Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues¨ -Adresseavisen

¨Kraften i samspillet skaper musikk som går over i det geniale¨ -Bladet folkemusikk. 

¨här finns låtar som platsar på vilken best-of-spellista som helst¨ -Lira

¨En av norges hetaste grupper¨ -Svenska Dagbladet

 

Sjå og høyr trioen her:

Musikk: https://orcd.co/feteslaatta

Video fra innspillinga av ¨Fete slåtta¨: https://www.youtube.com/watch?v=p5L4QQpzdwM

Live Video: https://www.youtube.com/watch?v=jF2mp4PJoRM