Erlend Ropstad solo
Billettar
Om arrangementet
Tilbake til Fosnavåg!
I februar 2006 kom eit debut-minialbum med ein artist som heitte Erlend Ropstad ut. Han låt som ein singer-songwriter, skreiv smått melankomiske songar på engelsk og fleire spurte seg; treng vi fleire av desse artistane her? Dette er 20 år sidan, når vi skriv februar 2026, noko som betyr 20-årsjubileum for ei suksesshistorie innsn norsk musikk, med ein artist som utvilsamt har eit heilt eige kunstnarisk uttrykk i dag. Veldig få, om nokon, beherskar å skrive så Rock på norsk med så høg kvalitet, og eit samla pressekorps og spellemannsjuryar har stilt seg bak den påstanden jamnleg.
Han har sakte bygt opp ein trofast tilhengarskare over heile landet på den gode gamle måten; skrive gode låtar som folk tek til seg og spelar mange konsertar. Det har blitt eit firesifra antal konsertar i løpet av desse 20 åra og til vinteren legg han til cirka 40 nye, med ein soloturné som dekkjer heile landet, så godt som samtlege fylke, små og store byar.
Mange i vårt område opplevde magien på afterrun-konserten i høve fjorårets Fyr-til-fyr. Då med band. Vi trur det blir stas med solo også - og legg opp til ein eksklusiv konsert på Madelynn midt på ein onsdag kveld.
