Pilegrimsferd Herøy-Myrvågnes-Kjeldsund-Herøy

Om arrangementet

Måndag 25. mai (2. pinsedag) inviterer vi til pilegrimsferd med sunnmørsjekta "Anna Olava" frå Herøy kystmuseum til Myrvågneset og vidare til Kjeldsund leirstad og gjestegard. Jekta returnerer frå Kjeldsund til Herøy på ettermiddagen. På Kjeldsund kan du delta på familiegudsteneste, vandre i det idylliske kystnære området og dele eit godt måltid med gamle og nye kjente.

Program:
Kl. 08.45-09.45 Pilegrimsferd med båten "Anna Olava" frå Herøy kystmuseum til Myrvågneset
Kl. 09.45 -11.45 Pilegrimsvandring frå Myrvågneset til Kjeldsund leirstad og gjestegard
Kl. 12.00-12.40 Familiegudsteneste på Kjeldsund
Kl. 12.40-14.00 Grilling og aktivitetar på Kjeldsund
Kl. 14.00-15.00 Pilegrimsferd med "Anna Olava" frå Kjeldsund til Herøy

  • Viss du kun ynskjer å vandre, kan du møte opp i Myrvågneset kl. 10.00. Parkering kan skje ved Myrsnipa barnehage.
  • Viss du ikkje klarer å gå på beina frå Myrvågneset, langs Djupvikvatnet og ned til Kjeldsund, så kan du fortsette å vere ombord i Anna Olav og fylgje jekta heilt inn til Kjeldsund.

Pilegrimsleia er eit nettverk av stiar som tek deg gjennom vakker natur, kulturlandskap og historiske stader. Dei startar i ulike delar av landet og alle leier til Olav den heilage si gravkyrkje i Nidarosdomen i Trondheim. Mellomalderen sin tradisjon med pilegrimsvandring har igjen blitt populær, både blant religiøse, historieinteresserte og turfolk.

Meir informasjon om arrangementet på Kjeldsund finn du på denne facebook-lenkja: 

Ta med varme kle, gode sko og gjerne litt drikke til turen. Vi tek forbehold om å gjennomføre turen ved dårleg vêr.