Demenskoret Kor Kjekt
Billettar
Om arrangementet
KOR KJEKT, demenskoret i Herøy, inviterer til konsert i 2026 også! Vi vonar vi er i gang med ein årleg tradisjon, og at publikum ønskjer det same :)
Annakvar veke gjennom året er vi ein fin gjeng som samlast og syng saman. Vi vil spreie songglede til andre, og difor vert det konsert igjen.
I 2026 er vi også heldige som får Even Sævik med på konserten vår. Han har sjølv opplevd demenssjukdom i nære relasjonar, og vil difor vere med på både å støtte og løfte konserten vår med si deltaking.
Øyvind Granden Berg og Sølvi Nerem Berg deltek også, det same gjer Bergsøykvartetten, Lilly og Nasko.
Vi håper mange vil kjøpe seg billettar for å støtte Kor kjekt sitt viktige arbeid.
Velkomne!
(Foto: Geir Egil Eiksund, VN2024)
