BrassThonar
Billettar
Om arrangementet
«BrassThonar» er konserttittelen når Herøy Brass, Gjallarhorn og Molde Brass byd inn til stor brasskonsert laurdag 27. september i Fosnavåg Konserthus.
På konserten vil vi få høyre kvar si avdeling av desse fire brassbanda, framføre eit breidt utval av brassmusikk med intensitet, glød og kvalitet.
Gjallarhorn har tilhald på Emblem og har medlemmar frå Ålesund, Sula, Skodje og Sykkylven. Gjallarhorn sitt musikkval er allsidig , alt frå tradisjonell korpsmusikk til klassisk og litt populærmusikk. Deira dirigent er Nils Magne Abelseth.
Herøy Brass frå Herøy har hatt ei flott utvikling dei siste åra, under Frode Dalhaug sin direksjon. Gjennom året leverer dei no forskjellige typar konsertar til begeistring for publikum. Dei deltek også i Nm-brass.
Molde Brass er også eit av landets beste brass band. Dei spelar no i 1. divisjon. Jens Mordal er Molde Brass sin faste dirigent. Dei held også forskjellige typar konserter og arrangement gjennom året. Dei spelar i 1. divisjon på Nm-brass.
Gled deg til denne konserten her vert det variert program med korps og klang. Endre Petter Leine vert konferansier og vil lose oss igjennom konserten. Velkommen!