Bergsøy-filmen - festpremiere!

Om arrangementet

Bergsøyfilmen : Idrettshistorie i Herøy Del 1 og 2 av trilogien om klubbens historie

I forbindelse med Bergsøy Idrettslag si 80 år lange idrettshistorie blir det laga tre filmar der over 100 personar frå idrettsmiljøet har bidratt og fortel om sine minner frå idretten i vårt lokalmiljø. Denne kvelden inviterer vi til visning av dei to første filmane i trilogien, som tek føre seg tida frå Bergsøy Idrettslag blei grunnlagt i 1944 og fram mot 1990. 
 
Bjørn Prytz og Fred Frantzen sett oss inn i den rette stemninga ved hjelp av minnerike sangar, før vi tek ei reise gjennom tid under filmvisning. Det blir ein liten pause mellom del 1 og 2. 

Event frå kl. 17.00 for deg som har billett og vil møte andre i Thon sin lobbybar. Dersom du vil gå rett i konsertsalen for å sjå filmen, ser vi gjerne at du ikkje kjem før 17.45. Dette fordi det er anna arrangement på huset som vi vil ta omsyn til. Og vi anbefalar gjerne folk å bruke parkeringshuset denne kvelden.


Bergsøyfilmen Del 1:
Idrett i Herøy 1944-1970 (1 t. 30 m.)
Bli med på ei historisk reise i Herøy sitt idrettsliv fortalt gjennom minna til mange av dei som var aktive i dei gjeldande tidsepokane. Den første filmen i ein dokumentar-trilogi tek oss med på ei kronologisk reise frå Bergsøy Idrettslag blei grunnlagt under krigen og til starten av 1970-tallet. Det er ei reise i forskjellige idrettar, men også ei reise i tid i Fosnavåg som lokalsamfunn. 
Andreas Sævik (klubbens første formann) fortel om konfrontasjon med tyskarar under krigen, mens Leiv Pettersen mimrar om boksing på Bergshall. Ola Goksøyr og Oddvar Myklebust er to av fleire som fortel om idrettslaget Heid, og ei tid der en måtte reise med båt til kampane. Eivind Rødal, Margot Ramstad og Bergljot Myrseth gir oss innblikk i handballen som blei spelt på grusbane i Huldalen, mens Kåre Botn, Egil Leikanger, Sigmund Paulsen, Kjartan Fagerlund, Ingvald Stenersen og Harald Thorseth er blant fleire som mimrar om fotballen i tidleg fase.   
Johs Wike er ein av over 50 personar som deler sine minner med oss i denne filmen, som i kombinasjon med eldre opptak gir oss eit nært og unikt blikk på Bergsøy si klubbhistorie – og ikkje minst kva idretten har betydd for lokalsamfunnet og alle som har vore ein del av miljøet. 
 
Bergsøyfilmen Del 2: Idrett i Herøy 1970-1990  (1 t. 45 m.)
Den historiske reisa av idrettslivet i Herøy held fram å bli fortalt gjennom minna til dei som opplevde dei forskjellige hendingane. I denne andre delen av idretts-trilogien er det over 70 forskjellige personar frå idrettsmiljøet som fortel oss om idretten i Herøy på 1970 og 1980-tallet. 
Det var ei utvikling der handballen fekk kome innandørs, og der fotball og friidrett blomstra. På fotballkampane kjem det mange gangar over 1000 tilskodarar, og i 1981 kom storheits tida der Bergsøy var på eit høgare nivå enn både Hødd og Ålesund. Samtidig er Bergsøy Trim og Bergsøy Volleyball aktive grupper, mens det endeleg også blir starta damelag i fotball.  
Det blir fortalt om prestasjonar og gleder, der enkelte også blir fotballproffar og landslagsspelarar. Men mest av alt er det ei historie om samhold og glede i det lokale idrettsmiljøet. 

Produsent: Steffen Helsem Kvalsund

Del 3 kjem i 2026 og kjem til å ta for seg perioden frå 1990-talet og fram til i dag.