Bergsøy-filmen Del 1

Om arrangementet

Idrettshistorie i Herøy 1944-1970

Bli med på ei historiskreise i Herøy sitt idrettsliv fortalt gjennom minna til mange av dei som var aktive i dei gjelldande tidsepokane. Den første filmen i denne dokumentar-triologien tek oss med på ei kronologisk reise frå då Bergsøy idrettslag vart grunnlagt under krigen til starten av 70-talet. Ei reise i forskjellige idrettar, men også eireise i tid i Fosnavåg som lokalsamfunn.

Andreas Sævik, klubbens første formann, fortel omkonfrontasjon med tyskerar under krigen, medan Leiv Pettersen mimrar om boksing på Bergshall. Ola Goksøyr og Oddvar Myklebust er to av dei som fortel om idrettslaget Heid og ei tid der ein måtte reise med båt til kampane.  Eivind Rødal, Margot Ramstad og Bergljot Myrseth gir oss innblikk i handballen som vart spely på grusbane i Huldalen, medan Kåre Botn, Egil Leikanger og Sigmund Paulsen, Kjartan Fagerlund, Ingvald Stenersen og Harald Torseth er blant fleire som mimrar om fotballen i tidleg fase. 

Johs Wike er ein av over 50 personar som delar sine minner med oss i denne filmen, som i kombinasjon med eldre opptak gjev oss eit nært og unikt blikk på Bergsøy si klubbhistorie- og ikkje minst kva idretten har betydd for lokalsamfunnet og alle som har vore ein del av miljøet.

Filme er produsert av Steffen Helsem Kvalsund og del to visast tysdag 28 oktober.