Bergsøy Filmen del 1

Om filmen

Tittel: Bergsøy Filmen del 1

Varighet: 0t 0min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: a

Regissør: Steffen Helsem Kvalsund

Bli med på ei historisk reise i Herøy sitt idrettsliv fortalt gjennom minna til mange av dei som var aktive i dei gjeldande tidsepokene.

Den første filmen i denne dokumentar-triologien tek oss med på ei kronologisk reise frå Bergsøy Idrettslag vart grunnlagt under krigen og til starten av 1970-talet. Det er ei riese i forskjellige idrettar, men også ei reise i tid i Fosnavåg som lokalsamfunn. Andreas Sævik (klubbens første formann) fortel om konfrontasjon med tyskarar under krigen, medan Leiv Pettersen mimrar om boksing på Bergshall. Ola Goksøyr og Oddvar Myklebust er to av fleire som fortel om idrettslaget Heid og ei tid når ein måtte reise med båt til kampane. Eivind Rødal, Margot Ramstad og Bergljot Myrseth gir oss innblikk i handballen som vart spelt på grusbane i Huldalen, medan Kåre Botn, Egil Leikanger, Sigmund Paulsen, Kjartan Fagerlund; Ingvald Stenersen og Harald Thorseth er blandt fleire som mimrar om fotballen i tidleg fase. Johs Wike er ein av over 50 personar deler minna sine med oss i denne filmen som i kombinasjon med eldre opptak gir oss eit nært og unikt blikk på Bergsøy si klubbhistorie - og ikkje minst kva idretten har betydd for lokalsamfunnet og alle som har vore ein del av miljøet.