GOSPELGLEDE med Bergsøy Blandakor

Om arrangementet

Velkomen til ein kveld fylt med vakre tonar, sterke stemmer og ekte songglede! Bergsøy Blandakor inviterer til ein stemningsfull gospelkonsert der vi får oppleve den store spennvidda i gospelmusikken. Her blir det både fengande rytmar, glade tonar og songar som gir rom for ro, ettertanke og varme.

Gjennom kjende og kjære songar som Amazing Grace, Down to the river to pray, This little light of mine, Soon and very soon og Down by the riverside, tek vi publikum med på ei musikalsk reise gjennom den rike gospeltradisjonen. Vi får også oppleve den kraftfulle Agnus Dei, saman med andre vakre og stemningsfulle songar som høyrer heime i gospelrepertoaret.

Gospel handlar om meir enn musikk - det handlar om håp, tru, fellesskap og glede. Det handlar om songar som lyftar, rører og skaper gode augeblikk. Vi gler oss til å dele denne songgleda med dykk! Velkomen til Gospelglede med Bergsøy Blandakor!