Bergsøy-filmen del 2
Billettar
Om arrangementet
Idrett i Herøy 1973-1993
I den andre filmen om den historiske reisa av idrettslivet i Herøy fortel over 70 forskjellige personar frå idrettsmiljøet om idretten i Herøy på 1970 og 1980 talet. Det var ei utvikling der handballen fekk kome innandørs og der fotball og friidrett blomstra. På fotballkampane kjem det mange gangar over 100 tilskoderar, og i 1981 kom storheitstida der Bergsøy var på eit høgare nivå enn både Hødd og Ålesund. Samtidig er Bregsøy Trim og Bergsøy Volleyball aktive grupper, medan det endeleg også blir starta damelag i fotball.
Det blir fortalt om prestasjonar og glede der enkelte også blir fotballproffar og landslagsspelarar. Men mest av alt er detei historie om samhald og glede i det lokale idrettsmiljøet.
Filmane er produsert av Steffen Helsem Kvalsung. Del 3 kjem i 2026 og vil ta for seg perioda frå 1990-talet og fram til i dag.