Beharie

Om arrangementet

When The Silence Gets Too Loud

Ein stad i skjæringspunktet mellom indie, folk og soul finn du Beharie. Stemma hans er rik, kraftig og rå i si formidling – kvalitetar som støttar opp under den stadig meir personlege låtskrivinga, som når nye høgder på Beharie sitt nye andrealbum, When The Silence Gets Too Loud.

Eit album som vekslar mellom det storslagne og intime med gåsehudframkallande korparti, dramatiske instrumenteringar og varme akustiske augeblikk med gitar og Beharie si rike stemmeprakt. Dette kombinert med grundig tekstarbeid, eksperimentering mellom det store og det vesle, gjer at Beharie framstår meir stilsikker enn nokon gong.

Første singel frå albumet er «Everybody Tells Me To Let Go», ein låt som handlar om undertrykkjing, om å ikkje kunne vere seg sjølv, og om å bli fortalt ei sanning ein ikkje passar inn i. Låten har ein nerve som likevel framstår håpefull i instrumental driv og bodskap.

Balanseringa mellom det leikne og det alvorlege er ofte gjennomgåande hos Beharie. Tekstar som er sårbare og ærlege, som om dei er skrivne i gjennomtenkt affekt. Han let lyttaren kome tett på og hentar inspirasjon frå levd liv, formidla med ei tilstadevering som gir kjensla av å bli invitert inn i eit privat rom – ei kjensle som går igjen når han opplevast live.

Sjølv om musikaren frå Sandnes hentar inspirasjon frå etablerte artister innan soul, R&B og folk, er uttrykket noko som er distinkt Beharie:

«På sitt beste greier Beharies musikk å få lytteren til å forsvinne som i et dykk under vann som tilsynelatende aldri ender. Han behersker både det mektige og det lille, og selv om han blant annet er sammenlignet med storheter som Frank Ocean, er Beharie først og fremst Beharie. En av de beste artistene vi har i Norge i dag.»
– Aftenposten

Som liveartist har Beharie raskt etablert seg blant Norges aller fremste namn, med evna til å skape magiske augeblikk uansett arena med unik tilstadevering. Han har spelt for fulle hus på alt frå intime klubbscener til hovudscena på Øyafestivalen og utseld Rockefeller. Samarbeid med anerkjende aktørar som Stavanger Symfoniorkester og Kringkastingsorkesteret (KORK) understrekar hans musikalske spennvidde, og evna til å løfte låtane til nye høgder. Ein eigen headlineturné gjennom Europa og opptredenar på internasjonale prestisjefestivalar som Montreux Jazz Festival (Sveits), Storsjöyran (Sverige), Eurosonic (Nederland) og Reeperbahn Festival (Tyskland) viser tydeleg at han allereie har etablert seg som eit internasjonalt navn.

Karriera hans så langt vitnar om både ein artist i stadig utvikling og ein som allereie har sett tydelege spor etter seg: Ein Spellemannpris i kategorien Rnb/Soul i 2022 for EP-en Beharie // Beharie, nominasjonar i same kategori i 2023 for Beharie, the Third og i 2024 for det kritikarroste debutalbumet Are You There, Boy?. Internasjonale medie som Wonderland, COLORS og Clash har også lagt sin elsk på ham, og svenske GAFFA nominerte han til «Årets internasjonale gjennombrudd».

En sorti til de naive 20-årene
When The Silence Gets Too Loud
er Beharie sitt nyaste album. Der debutalbumet var leikent, utforskande og kanskje litt naivt, er When The Silence Gets Too Loud eit moderne oppvekstalbum frå ein musikar som verken er ung eller heilt vaksen – ein refleksjon som utforskar tema mange i denne overgangsfasen av livet kjenner på, ei lyttaroppleving som gir kjensla av å ta del i ein musikalsk oppvekstroman.

Beharie anerkjenner at det ikkje lenger er nok å leve på naiviteten frå 20-åra. Han konfronterer tema som pessimisme, skuffelse, kjærleik og kjensla av mislukke som 30-åra kan by på, i eit samfunn der det aldri har vore lettare å samanlikne seg med andre. Tekstane teiknar bildet av ein usikker musikar, eit bilde som står i sterk kontrast til musikken vi får presentert. For i sin kreativitet og låtskriving har Beharie aldri strålt av større sjølvtillit enn han gjer nå.

For å følge med på konsert -og turnédatoer besøk: https://www.beharieofficial.com/tour-dates