Be'Glorious
Om arrangementet
I år blir det Be’glorious med ein ny vri – så følg med!
Be’glorious 2025 - 14. juni- Herøy Kulturhus
To show: kl. 13:30 og kl. 17:00
Show 1 – kl. 13:30:
Her får du sjå både dei yngste og eldste dansarane på scena Det blir fullt av energi, danseglede og små og store stjerner som gler seg til å få applaus. I tillegg kjem flinke songtalent og lagar god stemning. Dette blir eit show med masse liv og røre!
Show 2 – kl. 17:00:
Her får du Be’glorious slik du kjenner det – med dans, song, musikk og eit fantastisk liveband! Over halvparten av numra er samarbeid mellom dans og levande musikk, og bandet spelar til og med eigenkomponerte låtar.
Vi får også besøk av to spennande gjestar på begge showa!
Kunstutstilling:
Kunstelevane stiller ut arbeida sine heile dagen – så kom innom og sjå kva dei har laga!
Ta turen og hei fram alle dei flinke deltakarane – dette vil du ikkje gå glipp av!
Billettar finn du på www.fosnavagkonserthus.no