Be'GLORIOUS - Herøy kulturhus

Om arrangementet

To show: kl. 13:30 og kl. 17:00

I år blir det Be’glorious med ein ny vri – så følg med og pass på å kjøpe billett til rett show! 

Show 1 - kl. 13:30:
Her får du sjå både dei yngste og eldste dansarane på scena Det blir fullt av energi, danseglede og små og store stjerner som gler seg til å få applaus. I tillegg kjem flinke song og musikkelevar og lagar god stemning. Dette blir eit show med masse liv og røre!

Show 2 – kl. 17:00:
Her får du Be’glorious slik du kjenner det – med dans, song, musikk og eit fantastisk liveband! Over halvparten av numra er samarbeid mellom dans og levande musikk, og bandet spelar til og med eigenkomponerte låtar.

Kunstutstilling:
Kunstelevane stiller ut arbeida sine heile dagen – så kom innom og sjå kva dei har laga!

Ta turen og hei fram alle dei flinke deltakarane – dette vil du ikkje gå glipp av!

 

Pris billettar:

Vaksne kr. 225,-

Born/ungdom u/18 år: kr. 50,-